ORIGINAL WORK

Eg Snakker Om Det Heile Tida

 

By Camara Lundestad Joof

Samlaget

Eg ringer ei venninne.

Kalla mannen i baren meg svarting då eg ikkje ville gi han

nummeret mitt? Den gongen vi hadde avtalt å drikke øl,

men så drakk vi tequila i staden?

Ho blir still.

Nei. Han kalla deg nigger.

Takk, seier eg. Tusen takk for at du hugsar.

EG SNAKKER OM DET HEILE TIDA er eit vitnemål, ein appell og ei sjølvransaking. Camara Lundestad Joof er fødd i Noreg, med norsk mor og gambisk far. Boka skildrar korleis rasismen ho stadig opplever, infiserer kvardagen og

styrer tankane hennar. Ho ransakar minna sine. Kva om

ho hugsar noko feil, korleis skal nokon tru henne då? Kor

mange detaljar må ein hugse for å verke truverdig? Trur

ho på seg sjølv? Og kan ho nokon gong fri seg sjølv frå

spørsmålet om hudfarge?

 

TRANSLATIONS

Medborgar

 

By Claudia Rankine

Samlaget

Lovprist vitnesbyrd om vår tids rasisme

 

Ein annan venn seier at du må lære deg å ikkje absorbere verda. Ho seier at ho av og til kan høyre si eiga røyst seie stille til kven det skulle vere: Det du seier der, det aksepterer eg ikkje. Vennen din nektar å bere det som ikkje høyrer henne til.

 

Å vere medborgar er ei forventning om at du skal delta, sjølv om samfunnet du lever i, fengslar, skadar og drep kroppar som ser ut som din. Medborgar er eit litterært vitnesbyrd over korleis rasismen til dagleg gjennomsyrar livet vårt, og er ei av dei mest lesne og omtalte amerikanske diktbøkene dei siste åra. Med ei blanding av poesi, prosa, essay og bilete naglar Claudia Rankine fast erfaringa med å bli gjort til den andre og utfordrar forståinga av kva det vil seie å vere medborgar, med døme frå framgangsrike personar som Serena Williams og Zinedine Zidane, frå TV og frå dagleglivet - i køen i matbutikken, i klasserommet, på jobben.

 

Gjendikta av Kristina Leganger Iversen og Camara Christina Lundestad Joof. Boka er ein del av Samlagets gjendiktingsserie av ny poesi.

 
© 2019 Camara Joof